Slangesølje i Bunadssølv Telemark – Sylvsmidja

Category:
kr 2 188,17

Description

Ei utsøkt slangesølje i gamalforgylt sølv til bunader i Telemark. Den er detaljrik med kruser og demanter. Dei seks bueformene utgjer rosetten med ei rund opning i midten. Sølja finst òg i ein mindre storleik. I Telemark var denne frå gamalt av, brukt som jentesølje. Når jenta gifta seg fekk ho bolesølje, og då vart slangesølja flytta eit hakk ned. Bolesølja fekk dermed hovudplassen på bringa. Slangesølja går tilbake til førmiddelalderen og symbolikken stammar truleg frå norrøn mytologi – med Midgardsormen som låg rundt «heile jordi og beit seg sjølv i sporden.»

Produkt­informasjon

Pakning Stk
Storleik 70 mm
Materiale Sølv
Overflate Gamalforgylt
Legering 830
Passer til Kvinne

Reviews

There are no reviews yet.

Be the first to review “Slangesølje i Bunadssølv Telemark – Sylvsmidja”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *